Onsdag 12 November
Kl. 18:00 - 20:00, Sirdal Fjellmuseum
Nytt foredrag med Oddgeir Bruaset
Oddgeir Bruaset kjem til Sirdal med nytt foredrag basert på hans siste bok. Kjøp billett på nett eller ved inngang.

Det er ei stor glede å ønskje Oddgeir Bruaset velkomen tilbake til Sirdal. 

Gjennom 43 år i NRK har Oddgeir Bruaset samla det norske folk rundt radioen og TV-skjermen. Han har laga hundrevis av TV- og radioprogram, og er kanskje mest kjend for å ha laga Der ingen skulle tru at nokon kunne bu – som har blitt ein av dei mest populære TV-seriane i Noreg gjennom tidene.
 
 Men kven er mannen som gjennom alle desse åra har stått bak kameraet? Kva skjer i kulissane under opptaka? Gjennom historia til Bruaset får vi innblikk i kva som har rørt seg i norsk mediehistorie frå 1971 til 2014. Om TV-produksjon i 80-åra, om ressursar i distrikta samanlikna med Marienlyst og om å lage TV-program om alt frå natur, tragediar, kongefamilien og Erik Bye.
 
 I denne boka fortel Bruaset også om seg sjølv og oppveksten i Romsdal, om den underlege vegen til NRK, om å måtte velje mellom kateteret og mikrofonen, om hardt arbeid, helikopterulukker og om å komme nær folk når ein har eit kamerateam på slep.

Kjøp billett her: 

https://checkout.ebillett.no/156/events/2969/purchase


2025 © Sirdal Frivilligsentral